
I dag har eg hatt fri og det har vore så sinnsjukt godt. Det er så deilig med dei dagane du vaknar utan tonen til ei vekkerklokke med ein kropp full av energi. Eg har fått gjort veldig masse, og meir skal det bli. Ute har det forresten blitt heilt kvitt, så no merka ein kor fort det går mot jul. Eg kan ærleg sei eg gleda meg supermasse mot juletider. Når eg kjem heim fra Afrika er det plutseleg berre 22 dagar igjen. 22 dagar med å pakke inn gåver på jobb, 22 dagar med å hamstre gåver til alle i familien og venner, og 22 dagar til verdens beste dag. Før var det pakkane som var det beste med jula, men etter kvart skifta ein meining om akkurat det der. No gledar eg meg mykje meir til å tilbringe masse tid saman med familien min.

Håper du har hatt en fin dag da :)