



Igår endte det opp med at eg og Emilie hadde ein veldig koseleg kveld med film, godis, og Friends. Kanskje den serien eg har sett mest, men likevel blir eg aldri lei. Seinare på kvelden fekk eg besøk av ei dame som kjøpte eine kamera mitt. Har nemleg bestemt meg for å selge ein del av tinga mine, sidan planen er å gå til innkjøp av eit nytt kamera før eg reiser til Afrika. Så no har eg fått solgt to kamera.. Både Canon G11, og Olymps PL1 kamera mitt. Merka det gjorde litt vondt sidan dei er så lette og praktiske. Likevel trur eg at eg kjem til å bli VELDIG fornøygd med det nye.

så koselig da! :)