Rett veg

Avog til går livet litt over stokk og stein. Ein gløymer kven ein er, kvar ein er, og kven ein faktisk vil vera. Ein gløyme kanskje aller mest kvar ein vil, og kva ein vil. I det siste har det vore sånn.  Heldigvis er det godt når ein berre kan køyre inn på sporet att. Ein må berre over ein liten kant, og wips, så er ein på sporet igjen. På den rette vegen. På den vegen ein vil vera.

Så imens eg har vore stille her, har det ikkje akkurat vore stille i min verden. Det har skjedd mykje, men veldig mykje bra. Slik som BY MILLI. Me er sju jenter i klassen som har starta opp ei ungdomsbedrift, der me skal selge og produsere smykker og diverse. Dette gledar eg meg veldig til, for eg hadde jo det så sinnsjukt kjekt med ungdomsbedrifta i året som gjekk.

Milli er ein illusjon av ei tøff og modig jenta som elskar å leike med fargar, materiale, og ikkje er redd for å skilje seg ut. Ho er ikkje redd eller bekymra for kva andre tenkjer, og ho vil gjerne trekke oppmerksomheit. Me vil prøve å få jenter til å bli litt tøffare, og modigare med kva ein tar på seg, og kva ein føler seg vel i. Eg trur alle jenter innerst inne har lyst å ve ein Milli type. Som elskar å leike med mote, nettsom Ulrikke Lund, Annette Haga osv.. Derfor tenker me at dette skal bli kjekt å jobbe med, og ikkje minst veldig spennande. Me håpar jo sjølvsagt at så mange som mogleg vil følge oss videre i prosessen, og gjerne vil kjøpe produkta våres når dei kjem ut på marknaden.

Inspirasjonbilete for bedrifta og vår idé fra style.com  // photos: style.com

Så om du synest dette høyres spennande ut kan du sjekke ut facebook sida til bedrifta her, og bloggen her.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

2 Responses to Rett veg

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>