Besøk fra Zambia

Det er så utruleg masse som skjer for tida, men heldigvis masse bra og spennande. Denne veka var tre elevar og to lærera fra Zambia på besøk på skulen vår. Skulen vår har nemleg hatt eit samarbeid med Livingstone High School i Zambia sidan 2004, og denne gongen var det vatn som var tema for samarbeidet. Så på onsdag var eg og Emilie med dei til Jostedalen for å sjå demninga til Tunsbergsdalsvatnte, jostedalsbreen, og deretter var me på ein kraftstasjon.

Dette var veldig spennande, men det som kanskje var enda meir spennande var å bli kjendt med dei, og å høyre korleis dei lever. Alt er så anleis, likevel er me så like. Me er jo alle ungdommar, med drøymar og håp for framtida, og gjerne har me dei same måla. Få seg ein utdanning, og reise rundt i verda for å sjå og oppleve. Det er jo så utruleg fort å tenke at me er så ulike når me lever i kvar vår del av verda, med så store økonomiske forskjellar, likevel er det ikkje sånn. Noko som er veldig viktig å huske på.

Emilie, Angel, Kay, og meg.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

2 Responses to Besøk fra Zambia

  1. Luisa says:

    Så spennende :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>