





photos//www.knighttcat.com
Om nokon hadde spurt meg korleis eg ville ha gått kledd på ein festival i sommar, hadde dette vorte svaret mitt. Bohemsk, flowergirl, fargerik og ein lett sminke-look. Heilt ærleg så treng ein faktisk ikkje så mykje meir enn eit solpudder, maskara og ein fin leppestift om sommaren. Gjerne ein fin blush også. Om du vil ha ein litt meir frisk look kan du alltids piffe det opp med ein knæsj augenskygge. Gledar meg faktisk veldig mykje til å sjå rundt på dei ulike bloggane, streetstylebloggane når festivaltida begynnar. Der vil ein jammen få mykje inspirasjon! Så skal eg nok sjå kva eg kan greie å presse inn i sommarferien min også, kanskje det blir ein eller to festivala på meg?










Eg synest digitalkamera bildene får ein slags sjarm. Eit slags unikt preg. Derfor er det så kjekt å ta bilder med det iblant også. Så til alle unge og frustrerte som ikkje har råd til spegelrefleks.. Kven har vel sagt at ein treng eit kamera til fleire tusen for å ta kule bilder? Ein kan ha eit superbillig digitalkamera å ta supergode bilder, det er berre fantasien og kreativiteten som setter grenser her. Sjølv har eg eit lite fra canon som kostar under tusenlappen, som eg synest er ganske godt.
Eg har lenge visst at eg snart må gå til innkjøp av eit nytt kamera, og no skjønna eg at eg virkeleg må. Kamera mitt har ikkje funka som det skal dei siste åra, og det begynna å bli ganske gammalt. Det er sinnsjukt kor fort desse tekniske duppedittane blir gamle, og ein merka god forskjell fra dei litt eldre til dei nyare. Problemet er berre at eg ikkje anar korleis eg skal kjøpe meg. Det blir nok canon… Akkurat det veit eg! Så er spørsmålet, det typisk amatørkamera eller det meir proffe? Eg veit jo at eg er lur om eg spara lenge, og kjøpe meg eit veldig godt, for da kan ein jo faktisk bruke det til det meste.. magasin osv, men igjen er det ein del av meg som seier at det er galskap å bruke så mykje peng på eit kamera. Kva tenker dikka?

Canon 7D er så ikkje så altfor galen i pris, men igjen er dette begynt å bli eit gammalt kamera. 5D mark III har jo den sjukaste prisen, likevel skal detta vera superbra. 600D har ein veldig grei pris, men igjen.. Dette inngår jo i amatørklassen til canon kamera. 60D blir på ein måte ein mellomting mellom 7D’en og 600D’en, likevel meinar dei proffe at 600D er like godt. Så kva gjer eg? Kom med alle råd, tips, erfaringa og meininga.
Har heilt gløymd å visa dette antrekket! Blei desverre ingen gode bilder da eg anten blunka, eller kjolen blåste opp av vinden, og da såg ut som eg var gravid i niande månde… Noko da forsovidt gjere her også. Kjolen er vertfall sydd heil igjen av den flinke mori mi, men sidan det vil bli nokre stygge merker bestilte eg likegodt ein ny. Som kom i posten i dag. Jippi! Jammen godt den berre kosta 199 kroner.


Kjole fra hm, sko fra zara, og jakke fra hm.
Siden det ikkje er så lenge til bursdagen min, tenkte eg det kunne passe seg godt å legge ut ei ønskeliste her. Rett og slett for å tipse familien min om kva eg ønsker meg, og kor ein kan få tak i det. Så kan jo dikka få tips til fine/smarte ting også… Eg veit eg får lappen, så da er eigentleg alt anna eit pluss. Virkeleg glad eg får lappen, for ellers måtte eg nok ha sett veldig langt til den. Herligheit så dyrt det har blitt! Så jammen godt eg har ei så snill mor.

1//smykke, 2//Bok, 3//Bok, 4//veske, 5//peng, 6//Magasin, 7//blits
Smykket er ikkje eit fintfint smykke, men eg synest det er å fint på ein anna måte. Så lika eg så utruleg godt det som står på – I can do anything. Snakk om motiverande! Det samme med bok nr 2. Rett og slett ei bok for å få inspirasjon, motivasjon og få den rette tankegangen. Bok nr.3 blei eg derimot heilt forelska i når eg var på ark i Oslo, men da hadde eg ikkje råd. Så kvifor ikkje ønske seg den? Tidenes vakraste dama, så boka er full av inspirasjon og fantastiske bilder. Så ønske eg meg ei veske som eg har plass til mac’en i. Det viktigaste er at den er av god kvalitet, sidan den eg hadde nettopp rauk… Så stor veske med plass til mac, av god kvalitet. Peng… Treng eg å skrive kvifor eg ønska meg peng når Paris står på planen i sommar, syden i haust osv? Så ønske eg meg magasin, rett og slett fordi ingenting er som å kose seg i sola med eit bra magasin fult med herlige bilder, og inspirerande tekstar. Det siste er ein blits. Har ønska meg ein blits ei god stund no, og etter å ha sett den store forskjellen den gjer på bilete i dårleg lys har eg funne ut at eg verkeleg ønska meg ein, så her er det berre å håpe. Det som står høgst på ønskelista er vertfall smykke og boka om Audrey. Ellers blir eg superglad for alt eg får!
Gratulera så mykje med dagen!
Eg hoppa opp av senga tideleg, for å lage frukost til familien min. Amerikanske pannekaker, eggerøre, spekemat, deilig frukt osv… Viktig med ein god start på dagen. Resten av dagen blir det berre familietid, god mat og kos. Håpa vertfall alle får ein superfin dag, og kosa seg masse. Et mykje god mat, is og alt anna godt. Akkurat slik som ein burde gjer på denna dagen.


Når eg tenke 1-2 år fram i tid, og på leiligheit, tenke eg automatisk høgt opp under taket, kvitt, lysekrona, store vindauge, romantisk stil osv.. Det som ikkje slår meg inn er at det er den dyraste stilen av dei alle. Den typiske franske stilen er jo ikkje akkurat kjend for å vera den billigaste, og heller er ikkje dei leiligheitane det. Likevel er det noko så sinnsjukt flott med det heile. Den klassiske, reine, vakre, romantiske stilen. Tenk å kunne sitte i vindaugskarmen å sjå på menneska som går forbi, eller regnet som dundra på glaset.
Berre tenk kor fint!

Eg merka at eg ofte(heile tiden) leve i ein verden som ikkje er så realistisk. Likevel er det min måte å vera lykkeleg på. Å leva i ein verden med drauma, håp og lykke. Det å kunne tenke: slik skal eg få det. Kanskje ikkje i dag, kanskje ikkje i morgen, men ein dag.
Alt er jo muleg, ikkje sant?


Det fine med mai er at det er så mange fridagar. Dagen i dag har vore ein. Så sinnsjukt herleg. Det å berre kunne ligge i senga i evigheit å sjå seria, det å kunne rusle ein tur med hundane i ein fart som kan tilsvare ein snegel på tur, eller det å kunne bruke så lang tid ein berre vil på frukosten. Utan ei klokka som tikkar, og ventar. Utan ein buss å måtte rekka. Eg elska det.




Eg har jo alltid anbefalt mange gode blogga her, men nå tenke eg at det er på tide at dikka skal få anbefala meg nokon. Eg er jo superglad i å lese blogga, og berre bli inspirert. Så har du ein blogg eller to å anbefale blir eg kjempeglad for det. Eg lika eigentleg det meste, så her er det berre å slå seg laus i kommentarfeltet. Alt fra moteblogga, til kvardagsblogga til interiørbloggar. Eller gjerne dei litt meir gripande bloggane.
Eg må forresten nett få lov å anbefale to fine blogga til dikka…
Regine: Ein eg kanskje ikkje har tipsa om er flotte bloggen til Regine. Me valgte faktisk å dra fram Regine og bloggen hennar i magasinet vårt. Rett og slett fordi den er så fin, i likheit med bloggaren sjølv. Ho er superflink å oppdatera, og det er alltid noko fint å sjå på, eller spennande å lese der. Så derfor vil eg anbefale alle å stikke innom bloggen hennar her. Regine er ikkje berre ein flink bloggar, men også ei utruleg sterk, inspirerande og vakker dama… Så stikk innom bloggen hennar!

Bilete lånt fra bloggen hennar.
Vilde: Ein anna veldig fin blogg er bloggen til Vilde. Ikkje ein moteblogg, men meir ein kvardags, skriveri, og meinings-blogg. Vilde er ei utruleg dyktig, inspirerande og motiverande jenta. Ei jenta som brenner for ulike saker, og bruka detta på ein fornuftig måte i politikken. Vilde er den jenta som skrive så forbanna bra, så bra at eg lure på kvar ho får det ifra, og korleis ho greier det. Åh, skulle verkeleg ønska eg kunne skrive på samme måten. Ho er også flink å ta bilde, så me skal nok ikkje sjå vekk ifra at det dukka opp vakre bilete innimellom også. Besøk bloggen hennar her. Du er faktisk ganske lur om du gjer det, for berre vent. Om nokre år vil du sjå ho i alle aviser, magasin og på fjernsynet der ho diskutera ulike saker i samfunnet… Høyr mine ord!

Det kan ofte virka som folk er redde for å anbefale andre blogga, eller linke til andre, i frykt om at dei bloggane skal få lesera og. Sånn er iallfall ikkje eg. Eg synest det er kjempe stas om eg kan gjer at ein blogg får litt fleire lesera, eller får nokre motiverande ord. Vekk med jantelova seier eg. Er det ikkje mykje kjekkare å dra kvarandre opp? Gjere kvarandre glade? Jo, det synest eg!



